Hei eg heiter Elliotte og er svorsk, det vil sei svensk-norsk.
Mammaen min er svensk og pappa er norsk.
Eg vart født ein sommardag i juni 04. hos Ezethas kennel, i Moheda, Sverige.
Amalie Zethreus er oppdretteren der og var veldig snill mot meg og mine søsken
Vi var fire som vaks opp og hamna i forskjellige deler av skandinavia.
Eg var so heldig eg hamna her hos min familie, i Volda.
Her har vi to voksne mennesker som styrer huset og
en gut på åtte og ei jente på seks som også styrer huset.
Steffen og Martine heiter dei.
Dei er veldig glade i meg og skjemmer meg ut både titt og ofte.
Eg får sove i senga og ligge på sofaen.
Vi bur landlig til med skog og vatn ikkje langt heimefrå.
Vi går på tur so ofte det let seg gjere og eg er med overalt.
Ellers i min familie er her to hunder til og tre katter, Topsy som er 13 år,
Bruno som er 4 år, Niko(katt)1 år og to kattunger som berre er fire månader.
Det kom nesten en her hest også, men den jaga eg....
Neida, han vart solgt av den opprinnelige eigaren etter berre ei veke her hos oss.
Her bilder av min "far" min "bror" Steffen
"søstra" mi Martine og "farmor" Sigrid
Mykje har skjedd sidan sist vi oppdaterte heimesida vår.
I juli 06 vart eg pappa til tre nydelege kvalpar, to hanner eg ei tispe. (sjå bilder).
Tispa vart verande igjen hos mor si Grolis Fame medan gutane bur i dag i Ørsta og Oslo.
Vi har tatt det rolig på utstillingsfronten i det siste, men to utsillingar har vi vore på i år.
23 juni skal vi til Trondheim på NKK utstilling
Håper vi treffer mange mopser der.
Eg har også fått meg ny leikekamerat, ein Golden Rettriver som vi kallar Luna.
Ei skikkelig kosejente er ho.